Annonsere på Fogn.org?
/Fleire lokale bedrifter på Fogn og i gamle Finnøy kommune har annonse på Fogn.org. Når ein klikker på annonsa kjem ein anten til heimesida til bedrifta (om ein har) eller til ei enkel underside med informasjon om bedrifta.
Grendalaget har ikkje krevd inn betaling for annonsene dei siste 2-3 åra, men vil igjen byrje med dette frå og med 2022. I den anledning er det også naturleg å informere om at vi gjerne tek imot fleire annonsørar på Fogn.org!
Ei annonse kostar 1500 kroner per år, og inntektene går til grendalaget og drifting av Fogn.org. Ynskjer di bedrift å annonsere? Ta kontakt med Håvard på 93445913.