Vil du bli med i dugnadsgjengen?
/Dagsturhytta “Ørnareiret” er i ferd med å ferdigstillast på Ørnakula. Når snekkerane har gjort sitt, er det Fogn Grendalag, som etter avtale med Stavanger kommune, har ansvaret for drifta av hytta. Dette vil mellom anna kreve at nokon er innom hytta ein gong kvar veke og forsikrar seg om at ting ser greit ut og melder frå om evt. ting som må gjerast. Både dette som skal gjerast kvar veke, og det som må gjerast sjeldnare (t.d. årleg) av vedlikehald, står i ein driftsavtale grendalaget har gått inn på.
Dersom du vurderer å bidra på dugnad knytta til dagsturhytta, t.d. ved å stå på ei liste over folk som fordeler ansvaret for tilsyn av hytta mellom seg, er du hjarteleg velkommen til eit informasjons- og samtalemøte
PÅ FOGN OPPVEKSTSENTER TORSDAG 9. JUNI KL. 20.00!
På møtet vil driftsavtalen bli presentert og det vil bli samtala om korleis vi best kan organisere arbeidet knytta til dagsturhytta. Her vil det også bli mogeleg å “melde seg til teneste”. Dei som evt. ikkje kan kome på møtet, vil også kunne melde seg, meir informasjon kjem:)
Velkommen til informasjons- og samtalemøte!
Fogn Grendalag