A-laget flyg høgt for tida!
/Fogn - Sandnes Ulf 3: 11-0 (5-0). Etter nedsablinga (10-1) mot Havørn 2 i årets første heimekamp, trudde nok dei færraste at Fogn skulle kunne overgå den prestasjonen med det første. Så feil kan ein ta, for i helga vart Sandnes Ulf 3 sendt heim med 0-11 i sekken!
Bortelaget, som speler sine heimekampar på Østerhus Arena i Sandnes, hadde nok ikkje heilt “godfølelsen” då dei samla seg på båten på veg til Fogn, og fann ut at dei berre var 10 spelarar. Likevel tok dei turen innover Ryfylke, og det står det respekt av! Diverre var denne respekten omtrent det einaste positive Sandnes Ulf 3 kunne ta med seg denne laurdagen.
Fogn, som ved å vinna med meir enn tre mål ville overta 3. plassen på tabellen, var nemleg i festhumør, og sjølv om det tok omlag ein halv omgang før den første scoringa kom, var det tideleg klart kven som var det førande laget. Bortelaget fekk knapt låne ballen, og dei gongene dei gjorde det, var dei snare med å gi den tilbake til dei mørkeblå.
Etter at Jørgen Bø sette inn den første skåringa etter fint samspel med Sondre Sandanger Sørheim, rann måla inn. Først skåra Sondre og Jørgen kvart sitt mål til, før Håvard Østhus la på til 4 og 5-0 før pause.
Etter at laga hadde skifta side tok det berre eit minutt før Jørgen auka til 6-0, før Sondre (7-0) og Håvard (8-0) sette inn to nye mål før 2. omgang var 10 minutter gammal. Jørgen ville ikkje vere dårligare enn mot Havørn 2, og sette sitt fjerde for dagen, før far Jakob Bø fekk avslutta det heile med to scoringar som fastsette sluttresultatet til 11-0!
Med dette er Fogn oppe på ein sterk 3. plass på tabellen, og Jørgen Bø toppar toppskårarlista i 7. divisjon med sine 10 mål på 6 kampar!
Alt tysdag venter ein ny tøff kamp for Fogn, denne gongen borte mot Siddis 2 (FC Show), som også vann 11-0 mot Sandnes Ulf 3 tidlegare i mai…