Mange gjekk tur, med både kjende og ukjende!

Mellom 50 og 60 personar møtte opp, då ulike lag og organisasjonar på Fogn arrangerte gåtur då frivilligheiten sin dag vart markert laurdag 14. mai. Dei frammøtte vart delt inn i grupper ut frå kva for ein type twistsjokolade dei fekk ved ankomst. Så gjekk gruppene av stad, dei fleste med destinasjon Ørnakula. I og med at gruppeinndelinga var nokså tilfeldig, var det mange som gjekk saman med folk dei ikkje kjende frå før.

På Ørnakula kunne folk sjå nærare på Dagsturhytta, som er under oppføring. I tillegg var det fleire som fekk sjå glimt av ei flott havørn som fauk over toppen. Både på Peråsen og på Ørnakula kunne folk også få smaka gode Fognatomater!

Tilbake på skulen etter endt tur var det servering av tomatsuppe, kaffi og kaker på skulen. Dei som vart sitjande ei stund, fekk også besøk av blåsarane i Messing, som var ute og øvde til 17. mai-toget.

Takk til alle, både dei som arrangerte og dei som deltok, og gjorde dette til eit flott arrangement!