17. maikomiteen opnar loddsalet frå fredag 13. mai
/Frå og med fredag 13. mai, opnar 17. maikomiteen for loddsal i eit lotteri med to hovedgevinstar. Gevinstane er ein hagebenk i aluminium med to pledd (total verdi ca. 6500 kroner) og ein Ooni Koda 12 pizzaovn med pizzaspade (total verdi ca. 4000 kr).
Lodd kostar 10 kr per stykk, og kan kjøpast ved å vippsa til 93765. Merk betalinga med “Lodd + namn på dei som skal ha lodda”.
Loddtrekning skjer på folkefesten om kvelden, 17. mai.
Les elles om programmet for 17. maifeiringa på Fogn ved å klikka her!