Skåra fire mål i storsiger!

Jørgen Bø viser kor mange mål han skåra. Foto: Janne Aano Bø

Fogn - Havørn 2: 10-1 (6-0). At Fogn skårer 10 mål i løpet av ein fotballkamp skjer ikkje kvar dag (om det i det heile tatt har skjedd før), men det var altså tilfellet då Havørn 2 blei sendt heim som hakkekyllingar etter kampen fredag 22. april 2022!

Fogn hadde, som vanleg, ein nokså tynn kamptropp å stille med. 13 spelarar var disponible, deriblant to som var småskada/sjuke. Bortelaget frå Sola stilte med 16 mann, men utan ein erfaren keeper, noko som gjorde at dei måtte sette ein utespelar i mål. Om det var dette Fognback Tord Myklebust tenkte på då han skulle ta eit frispark omtrent frå midtbanen, er vanskeleg å seie. Tord sendte i alle fall ballen i ein høg boge over hanskane til keeper, men under tverrliggaren, og Fogn leia 1-0 etter berre 7 minutter. Deretter rann måla inn resten av omgangen. Først skåra Håvard Østhus 2 mål, før Jakob Bø sette inn ein straffe til 4-0. Tord Myklebust gjentok så bedrifta med eit nytt frispark, men denne gongen frå eigen banehalvdel! Like før pause var Jørgen Bø frampå og sette inn Fogn sitt 6. mål, slik at stillinga til pause var heile 6-0.

Havørn gjorde fleire bytter i pausen, kanskje med håp om å klare å snu kampen. Diverre for bortelaget hadde innbyttarane (i alle fall fleire av dei) bytta ut vannflasker med ølboksar på innbyttarbenken, noko som ikkje nødvendigvis var ein god idé. Det verka i alle fall ikkje til å hjelpa på fotballbanen, og dommaren informerte i tillegg om at dette kom til å bli rapportert. Sjølv om tempoet gjekk kraftig ned denne varme vårkvelden, skåra Fogn fire nye mål i 2. omgang, medan Havørn 2, i tillegg til ein negativ dommarrapport, sat igjen med eit trøystemål og eit raudt kort. Dette siste kom etter at backen til Havørn sendte Jakob Bø over dødlinja og inn mot fotballbingeveggen med ein tilsikta dytt i etterkant av ein duell.

Når det gjaldt Fogn sine mål i 2. omgang, skåra Jørgen Bø heile 3 av desse, noko som gjorde han til 4-målsskårar i kampen! Alle måla kom etter at han, på ekte spissvis, sprang frå forsvaret og var sikker åleine med keeper! Inne imellom måla til Jørgen, skåra også Sondre Sandanger Sørheim eit flott mål då han tok saken i eigne hender med ein flott soloprestasjon! Det var for øvrig same Sondre som etter kampen kom med kommentaren om at “no kan vi i alle fall slå fast at trening er oppskrytt”, med tanke på at Fognaspelerane berre så vidt har rørt ein fotball i vinter og vår…

Med dette har Fogn fått ein kjempestart på sesongen med 6 poeng av 6 mogelege. Alt på måndag 25. april kjem kanskje den største utfordringa på kampprogrammet; puljefavoritt Madla 4 på bortebane. Utan å ta nokon sorger på forskudd, kan vi likevel minne om at Fogn.org stort sett vel å rapportere frå kampar som ender med siger til Fogn (det har vist seg å vere ein nokså enkel jobb dei siste åra), og at Aftenbladet har kamprapport frå alle Fogn sine kampar, uansett resultat…