Vil du vera med og pussa opp kyrkjekjellaren?
/Som mange kanskje allereie veit har ansvarskomiteen i kyrkja blitt einige om å gi kyrkjekjellaren eit ansiktsløft. Me tenker dette er ei god tid å gjere slikt arbeid på ettersom det er mindre aktiviteter enn vanleg i kyrkja. Me ønsker å mala vegger, dører, vinduskarmer og lister, i tillegg vil me kjøpe inn nye sittegrupper. Me har også kjøpt inn ein sårt tiltrengt ny komfyr på kjøkkenet. Målet er å få på plass litt planter, nye lampar og fine bilete på veggene. Rett og slett gi romma eit lysere og meir moderne uttrykk.
Det er Stavanger krk fellesråd som har sponsa komfyr og maling, men arbeidet må me gjere sjølve.
Difor er me frimodige og spør om nokon kunne tenke seg å vere med på denne dugnaden?
Det hadde vore supert viss me kunne fått til to arbeidslag, eit på dagtid og eit på kveldstid. Då ville arbeidet bli fort ferdig. Me trur dette kan vere ein kjekk måte å komma saman på og gjere noko nyttig for kyrkja vår.
Me er takksame for alle som vil vere med enten det er med ein eller ti timar. Malinga er innkjøpt og står klar til bruk i kjellaren.
Dersom nokon føler seg kalla er det berre å ta kontakt med Oddbjørg tlf: 94 12 92 33
Mvh Ansvarskomiteen.