Informasjon om felles fyrverkeri + utdeling av "småfyrverkeri"
/Trond Egil Sivertsen fekk inn 11 300 kroner til fellesfyrverkeri på “Spleisen” han oppretta i denne anledning. Det betyr at det blir oppskyting både kl. 19.00 og ved midnatt, begge gonger frå fotballbanen på Fogn. No ser det også ut til å bli flott rakettvèr, så det er grunn til å gleda seg til dette!
Dei som vil sjå på kan ikkje bevega seg ut på sjølve graset, men kan gjerne stå ved “bua”, omtrent som om det var ein vanleg fotballkamp dei skulle sjå på. Dei som har tilgong på vernebriller kan gjerne bruka desse.
Området rundt fotballbanen og “sentrum” er stort, så det skal være uproblematisk å halde god avstand til kvarandre med tanke på smittevern. Det er også mogeleg å sjå fyrverkeriet frå t.d. Peråsen eller andre stader litt lengre vekke frå fotballbanen.
I tillegg har nemnde Trond Egil og Paul Arne Aano fått tak i ein heil del “småfyrverkeri” som dei vil dela ut gratis utanfor Fogn oppvekstsenter frå kl. 13.00 til 14.00. Dei som vil henta må vere over 18 år.