Velkommen til å spele frisbeegolf!

Fogn Frisbeegolf - Utsikten

Fogn Frisbeegolf - Utsikten

Som vi har skrive om tidlegare her på Fogn.org, har Fogn IL investert ein frisbeegolfbane. Denne er no klar til bruk på Sæbø! Alle som vil kan spela på banen, og informasjon og reglar finn ein på denne sida (ligg under “Om Fogn” i hovudmenyen her på Fogn.org).

Vi ba om namneforslag til banen, og landa til slutt på “Fogn Frisbeegolf - Utsikten”. Det var Øyvind Sandanger som kom med namnet “Utsikten”, og han vil difor få sitt eige sett med frisbeegolfdiskar!

Eit lite tips til slutt. Det går heilt fint å spele frisbeegolf i regnet, men då må ein anten vere innstilt på å bli blaut på beina, eller ha på vanntett skotøy. Med dei vèrmeldingane som er framover, ser det ut til at det kan bli litt vått, men lite vind, noko som gjer at forholda for frisbeegolf er veldig gode!