Ny suksess med Tour of Norway for kids!

Tysdag 29. juni var det for 3. gong i historia klart for Tour of Norway for kids på Fogn! I strålande sol og varme var “rittet” fullteikna med 90 sykkelglade born, som saman med ivrig familie og mange gode lokale hjelparar laga eit flott arrangement med masse god stemning!

Alle som sykla fekk både t-skjorte og premie, i tillegg til at Joker Fogn delte ut gratis is! Og då alt var over, og nedrigginga tok til, var det så mange hjelpsomme hender at dei erfarne arrangørane meinte det måtte vere ny rekord i nedriggingstid:)

Under er eindel bilete frå dagen, innsendt av Karianne Østhus!