Prøv frisbeegolf på Fogn i helga!
/Ei gruppe lokale frisbeegolfspelarar gjekk ein runde på banen tidlegare i veka, då ein berre hadde pinnar som “korger”.
Som vi kunne lese om i Aftenbladet denne veka, har interessa for frisbeegolf skutt i vèret under koronapandemien. Frisbeegolf er ein sport alle kan meistra, den tar ikkje lang tid, og den kostar ikkje mykje å halde på med. Det er i tillegg ein “koronavennleg” aktivitet ute i det fri, og det er ingen problemer med å halde avstand til kvarandre.
Det vert for tida arbeida med å få til ein permanent frisbeegolfbane på Fogn. Ein bane med 6 “skikkelege” korger koster omlag 40 000 kroner, så det er lurt å gjera eit godt forarbeid og litt “research” før ein set i gong med ei slik investering.
På bakgrunn av dette er det sett opp ein midlertidig frisbeegolfbane på Sæbø denne helga. Korgene på banen er mellom anna lånt av Fogn oppvekstenter, og dei er lova returnert til skulestart på måndag. Difor må dei som vil prøve banen gjere det anten laurdag 1. mai eller søndag 2. mai.
Kjør inn på Sæbøvegen og parker ved drivhuset til Jostein og Merete, altså på turstiparkeringsplassen. Gå vegen nedover mot Bøvågen, og ta gjerdeklyvaren til venstre like nedanfor huset til Anne og Håvard. Deretter kan ein berre gå rett opp til næraste høgspentmast, der utkaststaden er. Her står det også ein kasse med diskar (frisbeear) som ein kan låne. Husk å legge lånte diskar tilbake i kassen etter bruk.
Alle som vil er velkomne til å spele frisbeegolf!
Under ser de banekart, og deretter eit par bilete frå utkaststaden, og den nemnde gjerdeklyvaren ein må over på vegen opp dit.