Digital påske på Fogn i år!
/Påsken 2021 vert nokså lik påsken 2020 på den måten at store forsamlingar ikkje får lov å samlast grunna smittevernreglar. Men der det meste i fjor vart avlyst, har vi no eit års erfaring med digitale alternativ, noko som ein vil merke frå både Fogn kyrkje, Fogn misjonsforsamling og Fogn IL!
Fogn kyrkje planlegg digitale sendingar både på langfredag og 1. påskedag. Sendingane, som mellom anna består av tekstlesing, song og musikk, vert tekne opp på førehand, og publiserte på Fogn kyrkje si Facebookside på den aktuelle dagen. Prest Terje Engstrøm deltek, saman med mange lokale krefter.
Fogn misjonsforsamling publiserer eit lite “påskeglimt” på si Facebookside kvar heilagdag i påska. “Påskeglimtet” består av ein kort bibeltekst, eit stykke frå Jostein Ørum si bok “De som så ham” og framføring av ein påskesong. Også her er det lokale krefter som bidreg.
Fogn IL sin basar vart avlyst i fjor, men i år blir digitalen gjennomført heildigitalt! Trekning blir på påskeaftan (laurdag 3. april) kl. 18.00, og loddsalet stengjer kl. 17.30 same dag. Lodda koster 10 kr per stk og kan kjøpast via Vipps til Fogn IL sitt nr. 94513. Merk betalinga med det/dei namna som skal stå i loddboka.
Kristian Sandanger Iversen og Jørgen Bø, som i fjor gjorde stor suksess med sitt “Alle mot 1”-konsept, lagar i år ein lokal variant av “Maskorama”. Dei kjem med nye episodar frå palmesøndag og fram til påskebasaren på laurdag. I tillegg vert det ei direktesending med status i loddsalet ++ på onsdag kl. 20.00.
Meir info om idrettslagsbasaren kjem i morgon, palmesøndag!