Spenstige planar for turstinettet på Fogn!
/Så flott kan det vera på Ørnakula ein morgon i mars! Foto: Håvard Østhus
Fleire har sikkert fått med seg “skriverier” i Øyposten, både om mogleg dagsturhytte på Fogn, og om besøk frå Den norske turistforening (DNT) samt representantar frå Rennesøy og Finnøy turlag i førre veke. Det er Fogn grendalag som har tatt initiativet til alt dette, og som no jobber aktivt for å få fleire “attraksjonar” inn i turstinettet vårt.
Når det gjeld prosjektet knytta til dagsturhytte, så er det bestemt at det skal etablerast ei dagsturhytte i Stavanger kommune. Grendalaget har kome med forslag om at denne skal plasserast på Fogn, i nærleiken av Ørnakulå. Heidi Bø Sangedal i grendalaget har tidlegare argumentert for dette i Øyposten ved å seie at Fogn ligg geografisk midt i den nye kommunen, det er utsikt både over Ryfylke og inn mot byen, og ein kan starte på ei turløype som fører til Ørnakulå frå alle kaiar på Fogn. Dessutan er det berre 35 minutt med hurtigbåt frå byen, avsluttar Sangedal i Øyposten. Under er ein liten video som vert brukt i søknadsprosessen for å visa folk som ikkje er så lokalkjente kvar Ørnakulå er.
I tillegg til dette prosjektet, har grendalaget også kontakt med Turistforeningen, som altså var på besøk på Fogn i førre veke. Sjølv om vèret ikkje viste seg frå si aller beste side, var besøket imponert over både turstiar, utsikt og folk på Fogn! Programmet for dagen besto av turar og synfaring på aktuelle stader, kaffi på bålpanna i Holmastø, omvisning i drivhuset til Jon Olav Runestad og kaffi og oppsummering i museet på Erås.
Det er ikkje avklart kva samarbeidet med DNT skal munna ut i, men det er mellom anna snakk om hengekøyecamp og friluftsskule på Fogn. Vi ser fram til å fylgja dette vidare, og har tru på at store ting kan skje når lokale eldsjeler blir kopla saman med dei rette folka, slik tilfellet er i denne saka!
Under er nokre bilete frå besøket, knipsa av Ole Klingsheim: