Klart for sol og fine forhold på Fjellberg på søndag!

Bilde_04.02.2021,_17_26_05.jpg

Etter den lange perioden med kulde, har dei aller fleste vatn i kommunen no trygg is. Fjellbergvatnet på Fogn er ikkje noko unnatak, noko målingar utført rundt omkring på isen tydeleg beviser.

Det har vore snakk om at Fogn IL skulle ha ein type arrangement på Fjellberg på søndag. Grunna koronareglar vert det vanskeleg å ha ein type felles arrangement med oppstartstidspunkt og organisert opplegg. Det er likevel slik at det er god plass både på og ved Fjellbergvatnet, så dei som ynskjer kan gjerne ta søndagsturen dit i det fine vèret! Nokre tips:

  • Ta gjerne med snøskuffe og/eller kost, sidan det ligg ca. 5 cm snø på isen.

  • Snøen gjer at ikkje berre skøyter, men også ski kan fungera godt på vatnet.

  • Ryktene seier at det vil bli frakta ut ved til eit bål som kan nyttast til spidding av pølser.

  • Det er lagt til rette for parkering på “egrå” som ligg rett til høgre for grinda der vegen ut mot Fjellberg byrjar. Parkering er skilta, sjå bilete nedst i denne saka.

God søndagstur, anten det vert til Fjellbergvatnet eller ein annan destinasjon!

Bilde 06.02.2021, 16 01 54.jpg
Bilde 06.02.2021, 16 01 42.jpg