Snart klart for joggeløype rundt fotballbanen!
/Mange kunne observere stor aktivitet på Fogn stadion, laurdag 30. januar. Med eit lite snølag og frost i bakken var forholda nemlig perfekte til å kunne kjøre både traktorar og gravemaskin utpå banen utan å lage dei store spora. Bakgrunnen for den store aktiviteten er at styret i Fogn IL har gått inn for å laga ei joggeløype rundt fotballbanen og bingen. På denne måten kan folk få ei omlag 400 meter lang sløyfe å springe på, med grus som underlag store deler av vegen. Tanken er også å få på plass nokre låge lys som vil vise vegen, også når det er mørkt. Så her kan det trenast både dag og kveld, året gjennom!
Under er ei veldig enkel skisse av korleis løypa vil sjå ut. Det er ikkje sett nokon endeleg dato for når arbeidet vil vere ferdig, men i løpet av våren er eit fint anslag:)