Flott feiring!

Bilde 23.06.2020, 21 15 41.jpg

Vi er ikkje bortskjemte med varme og fine St.Hanskveldar på Fogn, men rammene rundt årets feiring var det ingenting å utsetja på! Med vindstille, temperatur på ca. 20 grader, sol på veg ned over Finnøy og vakker natur og utsikt på Høgaste, var det ikkje rart at det må ha vore bortimot rekordoppmøte!

Det var ikkje lagt opp til noko avansert program, slik at folk fekk god tid til å drøsa med kvarandre både om våren som låg bak og sommaren som ligg foran. I tillegg til dette var det andakt av Paul Aano, i tillegg til “Boksen av” for born og unge. Bålet vart tent klokka 21.00 og brann flott ned saman med solnedgongen i vest!