St.Hans-feiring på Fogn!
/Fogn IL og Fogn Kr. Ungdomslag ynskjer også i år velkomen til St.Hans-feiring på Fogn, tysdag 23. juni! Bålet er i år rigga til på Høgaste, like ved huset som Liv Bottolfs er i ferd med å bygga.
Arrangementet tek til omlag kl. 19.30, og det vert andakt av Paul Aano kl. 20.00, før båltenning ca. kl. 21.00.
Grunna smittevernhensyn vert det ikkje kiosksal i år, så folk vert oppfordra til å ta med eigen mat, snacks og drikke. Det vert laga til eit eige pølsebål for dei som ynskjer å nytte seg av dette.
Alle er hjarteleg velkomne!
Fogn IL og Fogn Kr. Ungdomslag