Fogn mot 1 i påska!

Screenshot 2020-04-06 at 08.11.15.png

Sjølv med strenge restriksjonar og ei annleis påske framfor oss, klarar Kristian Sandanger Iversen og Jørgen Bø frå Fogn IL å produsera påskemoro for folk på Fogn! Dei har nemleg planar om å produsera og publisera ein ny video i serien “Fogn mot 1” kvar dag framover!

Konseptet minner mykje om TV-programmet “Alle mot 1” på NRK, der det handlar om å koma med sine tips knytta til utfallet på diverse, ofte uvanlege, oppgåver.

I den første episoden av “Fogn mot 1” skal ein tippa kor lang tid Jakob Bø og Ivar Opsal treng på å dra ein 2,5 tonn tung traktor 60 meter. Så vert det spanande å sjå kven som kjem med det beste tipset, og ikkje minst om gjennomsnittet av dei innsendte tipsa vert betre enn kva dagens gjest i videoen, Svein Østhus, kom med.

Videoane vert lagt ut på Fogn IL si Facebookside, og Fogn.org vil, så godt vi kan, prøva å dela videoane på vår eiga Facebookside også.

Takk til Kristian og Jørgen som på denne måten bidreg til å lyse opp påskeferien!