Drive-in-Gudsteneste på 1. påskedag!
/Fogn kyrkje og Fogn Misjonsforsamling går saman for å arrangere drive-in-Gudsteneste på parkeringsplassen ved Fogn kyrkje, 1. påskedag kl. 12.00! Prest Terje Engstrøm har andakt, og leier oss gjennom det som vert ei Gudsteneste litt utanom det vanlege! Det vert rigga til lyd, slik at både tale og song skal kunne høyrast inn dei opne vindauga i alle bilane som møter opp!
Bilane vil stå på den store grusparkeringsplassen ved kyrkja, og det bra om flest mogleg er ute i god tid, slik at bilane kan bli stilt opp på ein så effektiv måte som mogleg. Det vil vere parkeringsvakter som hjelper til med dette.
Alle er hjarteleg velkomne til å vere med på denne historiske hendinga, som ein truleg kjem til å snakke om i uoverskueleg mange påsker framover!