Godt vær, oppmøte, stemning og resultat!

20190824_150717.jpg

Kulturbasaren på Erås, som vart arrangert for 11 . året på rad denne helga, fekk flotte rammer i nydeleg seinsommarvèr, og med over 80 personar innom vart det veldig god stemning på plenen mellom museet og løa på Erås. Vanlegvis plar jo basaren å vera innandørs, men denne gongen trakk dei aller fleste, naturleg nok, ut i sola. Her fekk dei høyre Elise Lunde fortelje om prosjektet ho er med og driv blant borna i Bolivia, og dei fekk vere med på loddtrekning både etter åresal og i basarbok. Det var også høve til å kjøpe forundringspakkar til inntekt for borna i Bolivia.

Engasjementet for saka var stor, også i forkant, og 7. klassingane Sarah, Leah, Thea og Mathilde hadde til saman samla inn nesten 3000 kroner til prosjektet gjennom sal av leiker og anna før basaren, og forundringspakkar på sjølve basardagen! Eit imponerande resultat til prosjektet, som de kan lese meir om ved å klikke HER.

Til saman kom det inn omlag 17 000 kroner til den gode saka, og når folk i tillegg fekk ei flott oppleving, kan ein ikkje konkludera med anna enn at kulturbasaren framleis er liv laga, og vel så det!

Sjå fleire bilete under (foto: Anders Sandanger):