Engasjert gjeng på grendalagsårsmøte!
/Sjølv om dei frammøtte ser nokså tilbakelente ut under ordførar Henrik Halleland sitt innlegg, så kan vi forsikre om at det var stort engasjement då Fogn grendalag hadde sitt årsmøte 27. mars 2019!
I tillegg til at ordføraren og Ludvig Skretting snakka om Øyfast og samferdsel, var rådmann Karin Dokken Austvik på plass for å fortelja om arbeidet med kommuneplanen som skal gjelda for Stavanger kommune dei neste 15 åra. Dette er jo ein plan vi snart kjem til å vera ein del av.
Før innlegga frå dei gjestene, vart sjølve årsmøtet gjennomført i rekordtempo. Både årsmelding (som kan lesast ved å klikka HER), rekneskap og val gjekk fort under god leiing av grendalagsformann Ole Klingsheim. Valet gav dette resultatet i forhold til styret:
Ole Klingsheim, leiar (1 år igjen)
Liv Bottolfs (2 år igjen)
Ivar Opsal (2 år igjen)
Heidi Bø Sangedal (2 år igjen)
Tore Glimsdal Sandanger (1 år igjen)
Christoffer Inge Hovda (1 år igjen)
Håvard Østhus (1 år igjen)
Kirsti Esperås (vara, 1 år igjen)
Alexander Stensnes (vara, 1 år igjen)
Ottar Sandanger vart gjenvalt som revisor, og Monica Stensland vart valt inn som nytt medlem i valnemnda. Der sit frå før Margit Bøe (1 år igjen) og Arnstein Bø (2 år igjen).
Under møtet vart det vist to filmar. Den eine syner korleis Øyfast kan bli sjåande ut:
Den andre filmen som vart vist, var av det meir humoristiske slaget:
Elles vart det samtale om mellom anna bompengar, Øyfast, frådeling av tomter, husnummer, ferjekort og hurtigbåtar i løpet av møtet. Meir om dette når referatet frå årsmøtet vert godkjent i det nye styret.