Juleavslutning for gjengen på Hobby og tru
/Annakvar måndag samlas ein god gjeng med born i alderen 1-6 år i kyrkja, for å vera med på Hobby og tru. Det er strengt tatt ikkje berre borna som samlast, sidan ein del har med seg føresette, og så tek Heidi imot alle saman i kyrkja. Her er det ei lita samling med litt fortelling og song, i tillegg til at det alltid er ein aktivitet.
Denne siste gongen før jul var det pepperkakebaking som sto på programmet. Mange hadde møtt opp, og baka ivrig i veg i kjellaren, før det var ei lita samling oppe i kyrkjerommet. Etterpå var det tid for å smaka på baksten, noko alle såg ut til setja stor pris på!
Ein fin avslutning, som de kan sjå nokre glimt frå i serien med bilete under: