Cupfinalen på storskjerm på skulen
/Søndag 8. desember frå klokka 12.25 blir det storskjermvisning av cupfinalen mellom Haugesund og Viking. Visninga blir på Fogn oppvekstsenter, og alle er hjarteleg velkomne! Det vert servering av pølse og brød klokka 13.00 og arrangør Fogn IL byr også på litt snacks til kampen!
I tillegg til at det vert ein spanande fotballkamp, kan ein også sjå etter kjende på tribunen, då det er mange frå både Fogn og andre øyar i kommunen som tek turen til hovudstaden for å sjå kamp denne helga. Men storskjermvisninga vert altså eit godt alternativ til dei som held seg på Fogn denne søndagen!
Arr: Fogn IL