Open dag i Fogn kyrkje

Open dag i Fogn kyrkje
Torsdager kl 11 – 14 Kaffi, te og vafler
Møteplass for drøs og samvær i kyrkjekjellaren. Litt som i sjømannskyrkjene at folk kjem innom. Me har aviser og litt aktiviteter liggande.
Heidi har kontordag i kyrkja denne dagen.
Ta lunsjpausen i kyrkjekjellaren og kom innom for å treffe andre.
Ta kontakt på tlf. 47010909 viss du har behov for skyss.
Me prøver også med to torsdager med middagsservering denne hausten og har satt av torsdag 18.okt og 29.nov. Desse dagane blir det middagsservering mellom kl 1530 – 1700 Me må ha påmelding dagen før, følg med for meir informasjon når det nærmer seg.
I kyrkjerommet oppe vil lysgloben vere tent og det ligg ei bønnebok til bruk for
dei som vil.
VELKOMMEN
Arr. Ansvarskomiteen

Vafler.jpg