Gjekk på smell i åttendelsfinale
/Haustsesongen vart sparka i gang att med cup-oppgjer. Det var duka for 2. runde i Rogalandscupen. Madla 3 ligg i same divisjon som Fogn, det var difor ingen straffar før kampstart.
Fognaspelarane har hatt mange veker utan kamptrening og det gjekk ikkje mange minuttar frå dommaren bles kampen i gong, før dei låg under. Ingen god start på kampen, men det verka som dette tente heimelaget. For det gjekk ikkje lang tid før det stod 1-1. Malvin Christiano Skartveit serverte ein flott pasning til Sergejs Kononovs, han lada skuddfoten og ballen fauk inn i nettmanskane.
Håpet om kvartfinale levde ei lita stund, men bortelaget laga to raske mål. Dermed stod det 1-3 i målprotokollen.
Men eit lite håp vart tent like før slutt. Då fyrte Johannes Hovda av eit hardt skot, som keeper klarerte, men Martin Østhus var raskt frampå og kriga ballen i mål. 2-3. Då var planen klar for siste del av kampen for heimelaget, alle mann i angrep og å settje inn eit utlikningsmål. Det gjekk ikkje og bortelaget scora to mål til, før dommaren bles av kampen.
Kampen endte 2-5.
Under kan du sjå bilete:
Foto Kristian Iversen