Går Fogn til kvartfinalen?
/Etter at Fogn slo ut rival Finnøy i ein nerverpirrande kamp i førre runde av OBOS-cupen, skal laget no ut i åttendedelsfinale mot Madla 3. Kampen går på Fogn Stadion, fredag 24. august, klokka 19.00, og det er venta å verte eit tett og jamnt oppgjer mellom dei to 7. divisjonslaga.
For Fogn, som har slitt litt i serien i år, kan denne cupen verta ei skikkeleg gulerot denne sesongen, og no er altså kvartfinalen berre ein kamp unna!
Møt opp og hei fram dei mørkeblå frå Fogn!