Start 17.mai på Eide!
/17. mai Kl 08.00 vert det lagt krans ved minnesmerket til Marta Jørgensdatter Eide.
Alle interesserte er hjartans velkomne til Eide.
Det var Sigurd Vågane som reiste denne bautaen kort tid før han døydde. Han fann steinen på garden sin, tok han fram, la han på tillhengar og køyrde med traktor til Erfjord for å få innskrift på steinen. Då det var gjort laga han grunn og fundament og reiste steinen. Dette gjorde han så solid og sterkt att bautaen vil kunna stå der i all framtid.
I Amerika slo Marta og Lars seg ned i byen Rocheser. Der kalla dei seg Lars Larson og Martha Larson. Dei byggde seg etter få år eit stort hus. Og dei neste 15 åra tok dei mot ein aukande straum av utvandrarar. Dei hjelpte med mat og husrom og rettleing for den vidare ferda vestover i Kleng Person sine fotspor. Marta som husmor hadde hovudansvaret for å stella alle desse som kom. Ho gjorde det med stor omsorg og hjartevarme.