17. maiprogram på Fogn!
/17. maikomiteen på Fogn ynskjer å invitere så mange som mogleg til feiring av Noreg sin nasjonaldag, torsdag 17. mai frå klokka 09.15. Då vert det heising av flagget ved oppvekstsenteret, og etterpå går det "slag i slag", slik vi kan sjå av programmet nedst i denne saka.
Nytt av året er at komiteen har laga eigne aktivitetskort som kan nyttast på dei ulike leikene. Dette gjer det enklare, både for borna og for dei som står på dei ulike stasjonane, når det gjeld administrasjon av betaling/pengar.
I tillegg vert det, etter at det offisielle programmet er slutt, moglegheit til å sjå Fogn frå lufta gjennom 10-minutters helikopterturar med avgang frå fotballbanen. Dette tilbodet, som er eit privat initiativ, og ikkje i regi av komiteen, byrjar ca. klokka 15.30, og kostar 500 kroner per tur.
Programmet ser elles slik ut:
09.15 Flaggheising ved oppvekstsenteret
09:30 Toget går
10:15 Samling i kyrkja
Toget returnerer til oppvekstsenteret når samlinga er over
11:30 Matøkt. Kiosk med bl.a. kaffi, brus, pølser og is
12:30 Leiker for store og små
14:45 Premieutdeling
19:30 Folkefest for dei frå 8. klasse og oppover.
Festtale ved Sylfest Lomheim, språkvitar og professor.
Dørene opnar kl. 18.45
Inngongspenger kr. 250 pr person. Maks kr. 750 pr familie (born t.o.m. 19 år)