Tour of Norway for kids til Fogn 9. juli!
/Etter den store suksessen i fjor, vert det også i år gjennomført Tour of Norway for kids på Fogn til sommaren! Alle detaljane er ikkje klare enno, men det folk alt no kan gjere, er å sette av måndag 9. juli, som er dagen då "sirkuset" kjem til Fogn!
Tour of Norway for kids består av korte sykkelritt for barn i alle aldrar, og alle som deltek får både t-skjorte og andre sportsrelaterte artiklar. I tillegg blir det trekt vinnarar av diverse flotte gevinstar, mellom anna ein sykkel! På toppen av det heile er det knallgod stemning i start/målområdet, TV-team frå TV2, sal av diverse og eigen speaker som held "trøkket" oppe heile tida arrangementet pågår!
Sjå TV 2 sitt innslag frå fjorårets Tour of Norway på Fogn ved å klikke HER (Facebook)