Framtidige ferjeruter er klare

Foldøy ferje.jpg

Det har i lengre tid vore jobba med nye ferjeruter i Finnøysambandet. Det er litt uklart når rutene skal byrja å gjelda, då det først var sagt at dei skulle tre i kraft 1. januar 2020, medan det i ettertid har blitt hevda at dei skal gjelda frå 2021.

Uansett når dei kjem, nye ferjeruter vert det. Og no har det ruteforslaget som fylket skal leggje ut på anbud blitt offentleggjort. Rutene kan de sjå ved å klikka HER.

Ulike ruteforslag har vore ute på høyring, og dei rutene som no ligg føre, er i utgangspunktet endelege. Vi tenkjer likevel at det vil kunne vere nyttig å gi tilbakemelding dersom nokon ser at noko med rutene er “heilt gale”. Gi i så fall beskjed til leiar i Fogn grendalag, Ole Klingsheim.