Kjekt juleverkstad på Fogn oppvekstsenter!

Flotte hjartekransar laga av Leah Sandanger og Mathilde F Østhus

Flotte hjartekransar laga av Leah Sandanger og Mathilde F Østhus

Torsdag og fredag denne veka var det juleverkstad for 5-åringane og skuleelevane ved Fogn oppvekstsenter. Det vart laga mange flotte julegåver, julekaker og julepynt, i tillegg til ein heil del stikkball i gymsalen og sjakkpartier rundt omkring på skulen!

På fredag var det julegraut, laga av tre bestemødre til born på oppvekstsenteret. All grauten vart spist opp, slik at ein ikkje kunne unngå å finne dei tre mandlene som var gøymt i grytene…

Ein flott tradisjon, som også i år var veldig kjekk for både born og vaksne!