Flott julefest på Oppvekstsenteret!
/ Kristian IversenTysdag 18.desember var det juletrefest i gymsalen. Barnehageborna kom i Lucia-tog opp på scenen og sang ein song. Isadora, Viktoria, Aleks og Simon skreiv seg inn i skulen og fekk kvar si skrivebok, visk og blyant. Alle klassane på skulen framførte sine julespel; Josef og Maria, Snikkar Andersen, Fognanissen og Så går vi rundt….
Gang rundt juletreet og ei matøkt stod og på programmet. Kvelden vart avslutta med Deilig er jorden.