Fin julekonsert

Sundag 16.desember var det “Syng jula inn” i Fogn kyrkje. Både Messing, TøfFOGNådig, Fognakoret, samt fleire lokale musikarar bidro i den vel time lange konserten. Det var mange som hadde møtt opp for å høyra på. Nærare heile fyrste salen var full. Det var ein innhaldsrik konsert med mykje variert. Dag Olav hadde ein andakt.Det var ein flott konsert med fellessong, solosong, og kor. Under kan du sjå bilete: