Solidaritetsaksjon på onsdag 24. oktober!
/Årets solidaritetsaksjon på Fogn oppvekstsenter vert arrangert på sjølvaste FN-dagen, onsdag 24. oktober! Pengane som vert samla inn i år vert sendt til Zambia, der dei skal bidra til at fleire born skal få gå på skule i nærområdet sitt. På aksjonen, som varar frå klokka 16.20-18.20, skjer det ein heil del:
Sal av meksikansk tomatsuppe med tilbehør
Sal av kaker, saft og kaffi
Diverse aktivitetar og salsboder i gymsalen
Loddsal med trekning klokka 18.00
Bruktmarked
Når det gjeld bruktmarkedet, så har folk høve til å levere ting dei ikkje treng sjølv, men trur at andre kan ha bruk for, frå og med no og fram til og med onsdag morgon på oppvekstsenteret.