Ny rekord på årets topptur!
/Sundag 24. september vart det sett deltakerrekord i 7- og 4-toppsturen. Det var 122 startande. Alle som gjekk fekk utlevert eit startkort som det vart klypt i på kvar topp. Kortet vart levert inn på den siste toppen. Seinare denne dagen trekte leiaren i Fogn il, Jakob Bø, eit gavekort frå kiwi. Vinnaren av dette vart Øystein Sandanger. Også i år var det fint ver og god stemning. På nokre av toppane vert det utdelt produkt som T-skjorter fra Stavanger Installasjon, sjokolade fra Joker Fogn, capri-sonne frå Coop Extra Finnøy og tomater fra Ståle Runestad.
Klikk her for å sjå bilete frå turen!