Glimt frå påskegudsteneste for oppvekstsenteret
/Det har etterkvart blitt ein tradisjon at kyrkja inviterer oppvekstsenteret til påskegudsteneste like før både born og vaksne får den etterlengta ferien sin. I år var besøket lagt til torsdag 6. april, og både store og små var sporty nok til å gå opp og ned til kyrkja i det nokså våte vèret. I kyrkja var både prest, kyrkjetenar og organist med på programmet, men også borna fekk vere med på ulike måtar. Innsatsen var upåklageleg i både innslag og fellessong, og det er lett å høyre at det er mange som liker å syngje blant årets barnehageborn og elevar!
Under er nokre glimt frå det som skjedde i kyrkja denne torsdagen: