Bordtennis for alle!
/For ein drøy månad sidan vart det sett opp to bordtennisbord utanfor Fogn oppvekstsenter. Desse er kjøpt inn gjennom eit samarbeid mellom Fogn IL og oppvekstsenteret. Borda vert flittig brukt i så godt som alle friminutt på skulen, men dei kan nyttast av alle som ynskjer det, også på fritida.
Folk kan ha med eigne racketar og ballar om dei ynskjer det, eller så kan dei låna dette frå ein kasse som heng på veggen til oppvekstsenteret (sjå biletet).
Som mykje anna på Fogn er denne ordninga basert på tillit, og det er viktig at utstyret vert lagt tilbake på plass etter at det har vore i bruk:)
Velkommen, både til å spela bordtennis, og elles nytta det flotte uteområdet ved Fogn oppvekstsenter!
Håvard Østhus
- rektor Fogn oppvekstsenter