Rapport frå årsmøtet i grendalaget
/Omlag 65 medlemmer møtte fram då Fogn grendalag inviterte til årsmøte i foajeen på Fogn oppvekstsenter, onsdag 29. mars klokka 18.30. Samanlikna med dei siste årsmøta i laget, var dette stort frammøte, og det kunne virka som om mange kom for å høyra meir om moglegheita for fiberutbygging på Fogn. Representantar frå Lyse var nemleg inviterte til møtet for å informere om framdrifta i eit prosjekt knytta til "bygdefiber" til Fogn. Dei frammøtte fekk sjå eit kart over Fogn der dei ulike grøftene var teikna inn, i tillegg til ein presentasjon av kva for ulike tilbod Lyse kan gi, knytta til internett, TV og telefoni. Ordførar Henrik Halleland var også invitert til møtet, og han fortalte litt om korleis det låg an med det kommunale fiberprosjektet, som det vart løyvd omlag 10 millionar kroner til for to år sidan. Ordføraren kunne fortelja at det var mange uavklarte ting enno, men han var interessert i å få mest mogleg ut av pengane, og skulle ta med seg innspela frå årsmøtet i Fogn grendalag vidare.
Det neste som skjer i fibersaka, er at Lyse vil samarbeide med Vegvesenet, knytta til asfaltering av Fogn, slik at dei kan gjennomføre dei aktuelle vegkryssingane i samband med at den nye asfalten kjem i løpet av våren/sommaren. I tillegg vil det verta eit salsmøte der Lyse informerer og får folk til å teikna seg på bindande lister for fiber, slik at dei veit kva dei har å forholda seg til. Lyse vil nemleg gå inn med 18 000 kroner per tilknytning i prosjektet.
Elles informerte Jon Olav Runestad litt om situasjonen i arbeidsgruppa som er sett ned for å arbeida med Øyfast. Her er det representantar frå fleire øyar i kommunen, og dei registrerer at det vert dyrare og dyrare å drive ferjesamband. Gruppa sakna gjerne litt meir engasjement knytta til Øyfast, mellom anna frå folket på Fogn, noko enkelte meinte kunne ha med eit godt ferjetilbod å gjera.
Sjølve årsmøtet vart gjennomført utan den heilt store dramatikken. Både årsmelding og rekneskap gjekk gjennom utan dei store kommentarane, og valnemnda si innstilling til nytt styre gjekk rett gjennom. Det nye styret for grendalaget ser då slik ut:
Kristoffer Østhus - Leiar - 1 år
Solfrid Torgersen - 2 år
Heidi Bø Sangedal - 2 år
Kathrine Flesjå - 2 år
Joar Sandanger - 1 år
Arnstein Bøe - 1 år
Håvard Østhus - 1 år
Ingeborg Bøe Rolfsen - Vara - 1 år
Merete M Kindingstad - Vara - 1 år
Elles vart Margit Bøe valt til nytt medlem for 3 år i valnemnda, der Øyvind Sandanger (2 år att) og Jakob Bø (1 år att) sit frå før, og Ottar Sandanger vart valt til revisor.
Møtet vart, som vanleg, avslutta med ein liten utlodning til inntekt for grendalaget.