PC til kvar elev!

Fogn oppvekstsenter starta nyleg opp eit pilotprosjekt i kommunen, knytta til bruk av såkalla "Chromebook" i skulen. "Chromebook" er ein type PC, som er billig i innkjøp, og som treng tilkobling til internett for å kunna fungera godt. Den modellen som er kjøpt inn til elevane på oppvekstsenteret har i tillegg ein "touch-skjerm" som kan vris heilt rundt tastaturet, slik at dette på sett og vis er ein kombinasjon av PC og nettbrett. 

Det er kjøpt inn nok PC-ar slik at alle dei 40 elevane får låna ein PC kvar. 3.-7. klassingane har høve til å ha maskinen med heim, medan 1.-2. klasse har sine maskinar ståande i klasserommet. 

Det har lenge vore tett mellom PC-ar og nettbrett på oppvekstsenteret, etter at firmaet Windoornet for nokre år sidan gav mange iPadar til bruk i skulen og barnehagen. Ut frå dette hausta oppvekstsenteret erfaringar knytta til å ha eit 1:1 forhold mellom elevar og datamaskinar, noko som har vore med og bana veg for det prosjektet dei no er i gong med.

I løpet av den siste veka har datamaskinane blitt delt ut til elevane, og det har vore, og kjem til å vera, eit særleg fokus på nettvettreglane for tida. Elevane må mellom anna skriva under på at dei vil følgja nettvettreglane, før dei får låna maskinen med seg heim. Dette, og meir, kan du sjå i serien med bilete nedst i denne saka.

Dei "gamle" PC-ane kjem til å verta nytta andre stadar innan oppvekstsektoren i kommunen. Oppvekstsenteret kjem til å behalda eindel iPadar til bruk i dei typane undervisning der iPad er meir tenleg enn PC. Det kan i tillegg verta aktuelt å selga nokre iPadar.

Då 1.-2. klasse fekk prøva sine maskinar for første gong, var Øyposten på besøk og skreiv sak. Denne kan de lesa i Øyposten som kjem ut 9. februar.

Tekst og foto: Håvard Østhus (rektor på Fogn oppvekstsenter)