Ny rekord og kjempestemning!
/Onsdag 1. november var det duka for årets solidaritetsaksjon på Fogn oppvekstsenter. I år skulle det samlast inn pengar til mange skuleborn i Peru, som ikkje får undervisning og lærebøker på eit språk dei forstår, fordi dei er Quechuaindianarar som ikkje snakkar spansk.
Borna på Fogn hadde gleda seg lenge til denne dagen! Aktivitetar og salsboder var nøye gjennomtenkte og det låg mykje flid i opplevingane folk kunne betala for å få med seg, mellom anna spåteltet og spøkelseshuset. Etter at aksjonen vart lagt til ettermiddagstid, for nokre år sidan, har det også vorte slik at mange vel å ta middagen på oppvekstsenteret denne dagen, noko som vart merka med stor pågang i matsalet, særleg rett etter at aksjonen starta klokka 16.15.
Det var mange som møtte opp for å få med seg det som skjedde, og stemningen var god gjennom heile aksjonen, som vara i omlag 2 timar. Brukthandelen var godt besøkt, og særleg dei gamle plansjane som vart nytta i undervisningen "før i tida" var populære. At det i tillegg gjekk an å betala med Vipps i år, bidrog nok til ny innsamlingsrekord! Jubelen sto nemleg i taket då elevrådsrepresentantane Emma Grønås og Eirik Bø Rolfsen, i samarbeid med rektor, var ferdige med å tella opp pengane, og endte på imponerande 21 260 kroner!
Fogn oppvekstsenter retter ein stor takk til alle som bidrog på ulike vis, med kaker, gevinstar, praktisk hjelp og ikkje minst gjennom at de kom på aksjonen og støtta det viktige arbeidet i Peru!