Eit stort steg i retning fiber!

fiber.jpeg

Rådmannen i Finnøy fortel i dagens utgåve av Øyposten, at det er klart for å signera avtale med Lyse om fiberutbygging på Fogn. På øyane lenger nord i kommunen er det Telenor som har vunne anbudet, og skal leggja til rette for fiber. 

Leiar i grendalaget, Kristoffer Østhus, uttalar til avisa at det er fantastisk at eit lite samfunn som vårt no får fiber, og han meiner at dette er grunn god nok til å heisa flagget!

Så er det ikkje slik at fiberen kjem heilt av seg sjølv, trass i at avtalen med Lyse nå vert signert. Det krev lokal innsats å få grava grøft frå hovudtraseen og inn til kvar hustand, og det gjenstår også salsmøte både på Fogn og for hyttefolk som bur i Stavanger-regionen. Datoar for møta er ikkje sett enno, men det ser ut til å kunna bli i januar, fortel Lysedirektør Ane Marte Økland Hausken til Øyposten.

Prosjektet har leveringsfrist 15. mai 2018, og oppstart av gravinga av hovudtraseen er tenkt alt i desember.