Nok ein siger i siste kamp
/Søndag 15. oktober kom Buøy til Fogn, for å kjempa om sesongens siste poeng. Førre kamp på Fogn Stadion endte i 3-0 siger. Mange håpa på ein "reprise" frå kampen mot Tjensvoll. Tilskodarane som hadde møtt opp, fekk kaker, vafler og fekk sjå ein særs underhaldane fotballkamp.
Tidleg i kampen scora Lars Olav. Fogn fortsatte presset, Jakob Bø scora nummer to. Like etter reduserte Buøy, 2-1. Så fekk Buøy eit straffespark, dei scora og dermed var ein like langt.
Ørjan Bø nikka ballen i nettet til 3-2. Buøy utligna igjen, og laga gjekk til pause med resultatet 3-3.
Eit stykke ut i 2. omgang fekk Buøy ein mann utvist, etter krangel med dommaren. Etter dette gjekk det lettere for dei blåkledde. Det vart vill jubel når Malvin Skartveit sørga for 4-3 leiing.
Like før slutt vart Jørgen Bø jr. felt like utenfor 16-meteren. Faren skaut knallhardt rett i mål. Fogn vann kampen 5-3.