Toppturar til helga!
/Søndag 25. september vert det igjen arrangert 4- og 7-toppstur i regi av Fogn IL. Det er toppane Eikhaug, Borgaråsen, Himråsen, Peråsen, Domfjellet, Ørnakulå og Varhaug som skal bestigast denne dagen, dei fire siste toppane inngår i 4-toppsturen.
Start for 7-toppsturen vert klokka 12.00 i Auglendsdalen på Hovda, medan 4-toppsturen startar frå skulen klokka 12.30. Målgong vert i år ved kyrkja.
Det vert delt ut ei lita overrasking på fleire av toppane. Det er lokale bedrifter på Fogn og Finnøy som sponsar dette. Det er fjerde gongen turen vert arrangert. Fogn IL har eit mål om at turen både skal vera av sosial karakter og at den skal motivera til fysisk aktivitet. Turen går i flott kulturlandskap og utsikten frå toppane gjev fantastisk utsyn over heile Ryfylke!
Spørsmål om turen kan rettast til Helge Iversen på mobil 41085524.