Nytt Alphakurs denne hausten
/Kjersti Sandanger med Alphaplakaten i forkant av kurset som vart gjennomført hausten 2015.
Hausten 2015 vart det gjennomført eit Alphakurs i kyrkja på Fogn. Alphakurs er i korte trekk 10 kveldssamlingar der dei frammøte får anledning til å utforska den kristne trua i eit ope og avslappa miljø. Til hausten vert det nytt kurs, og vi har snakka litt med ein av initiativtakarane, Kjersti Sandanger, om både det føregåande og det komande kurset.
- Korleis gjekk kurset som vart gjennomført førre haust?
Eg trur at det gjekk veldig bra! Vi fekk i alle fall gode tilbakemeldingar på både undervisning, samtale og ikkje minst den gode maten!
- Var kurset godt besøkt?
Det vart omlag 25 deltakarar, som vi fordelte på tre grupper. Dei fleste meldte seg på dei siste dagane før kurset, så vi var litt skeptiske ei stund, men det gjekk jo godt tilslutt!
- Og no vert det arrangert nytt kurs til hausten, er det eit liknande kurs som i fjor?
Ja, det er mykje likt. Det er dei same temaene og mange av dei same som skal ha undervisning. Samstundes vert det jo nye grupper og ikkje minst ny mat... Og så håpar vi at enno fleire blir med på weeekenden, som vert arrangert omlag midt i kurset. I fjor var vi for dårlege på å promotere denne, slik at det ikkje var så mange som meldte seg på. Vi som reiste hadde ei kjempehelg, så i år satsar vi på at ein enno større gjeng reiser til leirplassen "Nordlys", siste helga i oktober.
- Og har du litt meir praktisk informasjon om årets kurs?
Ja, kurset er framleis for alle som vil finna ut meir om kva den kristne trua går ut på og vi kjem igjen til å halde til i kyrkjekjellaren på onsdagar mellom klokka 19.00 og 21.00. Den første samlinga vert 7. september, og så held vi på i 10 veker framover. Deltakarane får både ei lita bok og kveldsmat kvar gong, difor kostar det 300 kroner å vere med på kurset. I og med at vi deler inn i grupper i forkant av kurset, er det ein fordel om folk melder seg på på førehand. Det kan dei gjera på sms til meg på nr. 928 63 130. Det er ansvarskomiteen i kyrkja som står som arrangør av kurset.
Vi ynskjer lukke til med vidare planlegging og gjennomføring av sjølve kurset!