Storfint besøk på finfin visningsdag!

Når ein inviterer folk på fest, og planlegg å ha heile festen utandørs, set ein gjerne pris på fint vèr. Det var også tilfelle då Fogn grendalag inviterte alle som ville på visning av Fogn, laurdag 27. august, og vèret leverte så til de grader! Men det var ikkje berre vèret som leverte denne dagen! Omlag 60 personar hadde meldt seg på som deltakarar på visninga, og dei fleste av desse kom med den innleigde Helgøybåten frå Stavanger klokka 10.00. På båten møtte dei lokale folk frå Fogn, fekk informasjon gjennom både samtale og film, og kunne elles få høyre mange muntre kommentarar frå skipper Jon Arne Helgøy! I tillegg var det jo mykje å sjå på innover fjorden, så den drøye timen som sightseeingen varte, føltes kort, fortalte fleire av dei besøkjande!

På Fogn venta tre bussar som først tok alle med på ein guida tur rundt øya, før bussane gjekk i rute mellom dei ulike stasjonane som folk kunne velgje mellom denne dagen. I tillegg til å sjå på ledige tomter og hus/hytter, kunne dei frammøtte ta turen innom tomatpakkeriet, familiegarden på Bø, Erås museum, Galleri Bjørn, Lars Selvåg sitt gartneri, Fogn oppvekstsenter, guida tur til Peråsen og Joker Fogn med gratis lappar, kaffi og saft. Alle stasjonane var godt besøkte, som de kan sjå i serien med bilete under!

Det heile vart avslutta med ein flott matfest i Eidsvåg. Her var det tomatsuppe og grillmat til alle, og maten vart eten akkompagnert til lyden av glade barnestemmer som leika i strandkanten! På matfesten var det helsing frå ordførar Henrik Halleland, som hadde teke turen til Fogn denne laurdagen, i tillegg til ein quiz og eit lite intervju med ein av dei fastbuande på Fogn. 

Då klokka vart 17.00, var det tid for å seie takk for no, og til lyden av The Monroes med "Cheerio", køyrde Helgøybåten roleg ut av Eidsvåg, medan Fognbuen sto igjen og vinka til besøket etter ein flott dag! Og blant dei som kom til Fogn denne dagen var det fleire som gjekk og vurderte å anten skaffa seg hytte, eller flytta inn til øya. Og med ein dag som dette, så fekk dei nok ikkje mindre lyst til å bli enno betre kjent med Fogn!

Les kva Stavanger Aftenblad skreiv om dagen, ved å klikke HER (krev innlogging).

Bileta i serien like under er knipsa av Jørgen Bø og Håvard Østhus. Bileta i serien under dette igjen er knipsa av Karianne Nordbø Østhus.