Solid heimesiger!
/Fogn - Sviland: 4-2 (1-0). Sviland låg på tredjeplass på tabellen då dei kom til Fogn laurdag 4. juni. Etter kampen var det det blåkledde heimelaget som hadde overteke denne plasseringa!
Sviland kom til denne bortekampen med berre 11 spaelarar, noko som etterkvart skulle visa seg å verta skjebnesvangert i sommarvarmen, der dommaren kommanderte spelarane til å ta drikkepause kvart kvarter.
Kampen starta i og for seg nokså jamnt, men det vart tidleg klart at Fogn var det sterkaste laget på banen. Etterkvart kom også sjansane, og det var på ingen måte ufortent då Fogn gjekk opp i leiinga like før pause. Martin Østhus kom seg fint fri på sin venstrekant, og sette fart inn mot 16-meteren. Martin såg opp og oppdaga Trond Arne Borgemyr inne i feltet. Ein fin pasning og ein klinisk avslutning seinare var det jubel på Fogn stadion, 1-0!
Utover i andreomgang gjekk Sviland nokså tomme for krefter. Fogn produserte fleire sjansar, og etter å ha bomma på eindel av dei kom den berømte "ketchupeffekten" frå omlag 60-75 minutter. Først var det Jakob Bø som la inn med venstrefoten frå høgrekanten. Ballen gjekk gjennom heile feltet, og skrudde rett i mål, 2-0! Deretter spela Ole Jakob Kjølvik ein fin gjennombrotspasning til Håvard Østhus som runda keeper og sette ballen i det tomme målet, 3-0! Til slutt var det back Pål Rune Grønås som sette fart framover på ei kontring. Han spela ut til Ørjan Klev Ladstein på venstrekanten. Pasningen frå Ørjan vart møtt av Pål Rune som avslutta i ein Svilandspelar, via stolpen, og så i beina på Martin Østhus, som fekk æren av å settje inn 4-0 til Fogn!
Mot slutten av kampen fekk Sviland to trøstemål, utan at det tok bort gleda til heimelaget over å ha vunne ein viktig kamp, og å ha klatra opp på tredjeplass på tabellen!
Kampfakta:
Fogn sitt lag:
Trond Egil Sivertsen
Pål Rune Grønås
Ivar Opsal
Trond Arne Borgemyr
Kristoffer Runestad
Lars Olav Bøe
Martin Østhus
Ole Jakob Kjølvik
Jakob Bø
Malvin Skartveit
Håvard Østhus
Benytta reservar:
Sigve Bøe
Ørjan Klev Ladstein
Andreas Hagenes Bøe
Fogn sine mål: Trond Arne, Jakob, Håvard og Martin
Assist: Martin, Ole Jakob, Pål Rune
Gule kort: Sigve, Kristoffer
Under er fleire bilete frå kampen, alle knipsa av fotograf Kristian S Iversen!