Ny vri på EM-tippinga...
/Vanlegvis under store fotballmeisterskap som EM og VM, er det eigen tippekonkurranse på Fogn.org. I år vart det rett og slett litt for tidkrevande for redaktøren å arrangera ein slik konkurranse på "tradisjonell" måte, så her kjem ein ny vri...
VG har laga ein tippekonkurranse som dei kallar for "EM-profeten". Her kan ein opprette private ligaer, slik at lesarane av Fogn.org kan konkurrera mot kvarandre. Ein liga med namnet "Fogn.org" er oppretta, og alle som ynskjer kan bli med i denne ligaen ved å klikka HER (krev Facebookprofil).
For dei som tenkjer at det vert litt "stress" å tippa utfallet av alle dei 51 kampane i EM, så finnest det ein eigen knapp som fyller ut alle tippetips automatisk, så er det sagt...
Ingen kan sjå kva andre har tippa før fristen for tippinga går ut, fredag 10. juni kl. 21.00!
Bli med og tipp, og gjer EM mykje meir spanande!