Flott St.Hansfeiring på Fogn!
/Nærmare 100 personar møtte fram då St.Hans skulle feirast, torsdag 23. juni, i Bøvågen. Vèret viste seg frå ei glimrande side med god sommertemperatur og ei sol som viste seg både titt og ofte!
Arrangementet starta med andakt av Norene Frafjord, før mange av dei frammøtte var med på ein skattejakt der laga skulle prøve å finne/gjere så mange ting som mogleg frå ei liste, og det laget med flest utførte "oppdrag" på 20 minutter sto att som vinnarar.
Etterkvart som kvelden skreid fram, trakk folk opp frå drøs, kaffi, pølser og krabbejakt i sjølve Bøvågen, og opp til bålet som låg litt lenger vekke frå sjøen. Bålet brann flott (og fort) ned, og då berre glørne låg att byrja folk å vende nasen heimover, alle skjønt einige om at det hadde vore ei flott feiring!
Arrangementet var eit samarbeid mellom Fogn IL og Fogn Kr. Ungdomslag. Fleire bilete ser de i serien under: