Hallelujamøte!

Etterkvart som møtet skreid fram, vart det hevda at dei omlag 85 personane som hadde funne vegen til Fogn oppvekstsenter denne måndagskvelden, hadde hamna på eit "Hallelujamøte". Dei fleste hadde nok likevel møtt opp for å få informasjon, og stille spørsmål om dei ulike alternativa knytta til folkerøystinga om ny kommunereform, onsdag 8. juni. Bør Finnøy stå åleine, eller er det eit betre alternativ å slå seg saman med ein eller fleire av nabokommunane? Og kva er moglege konsekvensar av ei samanslåing? Det var dette rådmann Helene Ohm greia ut om i den første delen av møtet, og ho fekk velfortent applaus frå både Fognbu og andre tilreisande for ei ryddig og klar framlegging av saka. Ei av sidene i PowerPoint-presentasjonen hennar, som syner moglege konsekvensar knytta til dei ulike alternativa, kan de sjå under.

Deretter var det tid for paneldebatt, der dei fem gruppeleiarane for dei politiske partia som er representerte i kommunestyret, deltok. I tillegg var Grethe Kolbjørnsen og Bernhard Sunde utfordra til å sittje i panelet som representantar frå Fogn. 

Alle i panelet fekk byrje med å seie kva for eit alternativ dei ville gå for. Her var det slik at alle, berre med unnatak av Odd Bleie frå SP som ville stemme nei til kommunesamanslåing og Grethe Kolbjørnsen som ville stemme ja, men ikkje var sikker på kva for eit alternativ ho ville gå for, fortalte at dei i utgangspunktet ville gå for kommunesamanslåing med Stavanger. Nokon hadde eit lite atterhald om kva som ville verta resultatet i ulike folkerøystingar før den i Finnøy 8. juni, men det var tydeleg at Stavanger virka som mest aktuelt for dei fleste. Når i tillegg fleire av dei som tok ordet i salen tala varmt for nettopp dette alternativet, var det Lars Rørtveit som reiste seg og karakteriserte møtet litt som eit "Hallelujamøte". Hallelujamøte eller ei, det var mange som ville ha ordet denne kvelden. Debattleiar Jon Asgaut Flesjå måtte nokså raskt finne fram stoppeklokka si, og han måtte også nytte denne ved fleire anledningar, då folk vart nokså ivrige!

Heilt til slutt i møtet kom det ei klar oppfordring frå både ordførar og debattleiar om at folk må nytte stemmeretten sin den 8. juni. Det vil gi eit mykje betre grunnlag å arbeida vidare på. Denne oppfordringa sender vi vidare: bruk stemmen!

Under er nokre fleire bilete frå kvelden: