Felles jente- og guttelagsavslutning!
/Måndag 2. mai var det klart for felles avslutning for jente- og guttelaget på Fogn. Desse laga er eit tilbod for jenter og gutar frå 2. klasse og oppover, men i og med at måndag var siste samling før hausten, vart også 1. klassingane invitert til å vere med! Omlag 30 born møtte opp på bedehuset, der dei fekk med seg andakt av Jon Olav Østhus, før jentelagsleiarane stilte med pølser, saft og brownies. Deretter var det tid for ulike leiker i hovudsalen, før vi til slutt fekk knipsa eit bilete av den flotte buketten som var samla!
Sjølv om jente- og guttelaget no har teke ferie, så gjenstår det framleis eit arrangement i deira regi før sommaren, nemleg den årlege friluftsbasaren arrangert av guttelaget. Denne basaren var eigentleg sett opp fredag 3. juni, men er no flytta ei veke nærmare sommaren, til fredag 10. juni klokka 18.00.
Tekst og foto: Håvard Østhus